Country/rock band etablert på Nærbø 2013/14. Starta med utgangspunkt i Martin Våland sin trio saman med kona Grete og Kjell Gudmestad – Dei Tri.
Besetningen er (2019):
Grete Våland, vokal
Martin Våland, gitar og vokal
Dag Øverland, tangenter
Roy-Andre Skulstad, gitar , vokal
Ole-Andre Fossan-Bergem, trommer
Øyvind Lende, bass
Kjernen i The 7th Street Band har heile tiden vore Grete og Martin Våland og ofte Kjell Gudmestad. Ellers har det vore ein god del omskifte i besetningen dei åra bandet har eksistert. Her er nokre av dei som har vore med: Jarle Obrestad, Harald Undheim, Arne Bekkeheien, Helge Nordbrønd, Oddvar Berentsen, Arne Andersen, Fredrik Kverneland, Jonny Engelsvoll,
The 7th Styreet Band har gjennomført utallege speleoppdrag både lokalt i Rogaland og andre stader i landet. Her er nokre eksempel: Løedans på Refsnes, bryggedans utenfor Flekkefjord, sommarfestival i Vikedal, køntryaften på Utsikten i Kvinesdal, skjærtorsdagsdansen i Varhaughallen, konsert på Jærnåttå, oktoberfest på Hommersåk.
I september 2016 var The 7th Street Band med i NRK Rogaland sin serie med norsk versjon av hitlåt fra 1984/85. «Heilt te himmels» (Heaven – Bryan Adams).
Bandet har gjort studioinnspeling av fleire sangar som kan høyrast på streamingmedia. Bl.a. «Æ du gla i mæg», «Kossen e det med deg» og «Heilt te Himmels»