Totkopf

Hardrock-band frå Nærbø. Oppstart år 2000.

Åge Obrestad (1982 – 2019), gitar og vokal
Bjarte Sandsmark, gitar
Even Hægstad, gitar/bass
Tormod Aass, (Tormod Á Nesheim), trommer

Ungdommens kulturmønstring i Tysvær år 2000 med nyinnkjøpte skinnjakker.


F.v. Tormod Aass, Åge Obrestad, Bjarte Sandsmark, Even Hægstad.



Studioarbeid i Meieriet på Bryne i 2000 endte med EP ‘en» Kings of Commotion» med fire sangar på. I 2003 var dei hos Gunnar Tønnesen i Klepp Lydstudio og laga plata «Head to head» med fire nye sangar.

I 2005 kom samleplata «Totschlägers» med dei «gamle» sangane pluss tre nye – til saman 11 eigenkomponerte sangar.’

Opplegg for sommaroppleving til glede for heile familien på Bryne torg.
(Høyrer med til historien at det ikkje blei noko av første punkt.)



Totkopf hadde ein minikonsert på det arrangementet som var starten på det som seinare blei den kjente Ranglerock-festivalen. Det skjedde på forsamlingshuset på Hognestad sommaren 2002.

Vidare var Totkopf på plakaten for Hoggstock rockefestival sommaren 2003 (headliner), 2004 og 2005. Festivalen var nå på Bryne, og frå 2006 var navnet Ranglerock. Totkopf var med igjen i 2007.

Totkopf i gang med tung riffing under Hoggstock ’04.
Even og Åge i gitarpositur.
Totkopf gjorde reunion-konsert på den lokale musikkfestivalen Hibnaleite på Obrestad. (2012)

Totkopf avslutta karrieren sin med nokre konsertar på ulike snøbrett- og surfearrangement. Aller siste konsert var på Lydbølger på Bore i 2014.

(publ. des 2019)
(takk til Tormod for info.)