Anakonda

Punk-band frå Bryne. 1978/79 -1981

Brigt Bjerga som var frå Halsnøy i Ryfylke, flytta til Bryne og begynte på gymnaset der i 1978. På hausten vart han kjent med Bjarne Håland som gjekk ein klasse over. Begge var interessert i musikk, Brigt hadde gitar og forsterkar og Bjarne hadde trommer, og dei vart enige om å starta band. Dei øvde i bomberom i kjeller under Klepp Elektro i Kleppekrossen.



Besetning:
Brigt Bjerga, vokal og gitar
Bjarne Håland, trommer
Erik Mellesdal, bass (til 1980)
Jogrim Erland, gitar (frå 1980)
Seinare kom Sven Fossum med på keyboard. Brigt overtok på bass etter Erik slutta i 1980.

*****


Rune Haaland (stifter av Bellona) hadde og ein funksjon i Anakonda, som pådrivar og manager. Han ordna spelejobbar og var kanskje den som tok initiativet til plateinnspeling.

«Den første bølgja av punk slo for alvor innover Noreg i 1979/1980 og resulterte i ein heil generasjon punkband, samt ei knippe singelutgjevingar rundt om i landet. I Stavangerdistriktet var det bare eit av desse førstegenerasjonbanda som klarte å manifestera seg på eit svart stykke vinyl. Det var Anakonda i frå Bryne. Dei gav ut den sjølvfinansierte singelen «Clever London Houses»/«Leie a’ gymnaset» i 1980.» (Geir Egil Bergjord, lokalmotives.com, 2002)

Rune Haaland var han som ordna det slik at det blei innspeling i studio ved DH i Stavanger (Rogaland Distriktshøgskule). Rune kjente nemleg Magne Drangeid (nå førsteamanuensis ved UiS), som var student ved høskulen ,og som hadde nøkkel til studio der han gjekk på eit kurs i filmkunnskap. Dermed vart det til at Anakonda (tjuv)lånte studioet ei natt og laga singleplata «Clever London Houses»/«Leie a’ gymnaset» .

Opptrykk som blei brukt som plakat, og skåret opp og bretta til omslag på plata.
Rocke-poesi fra 1980. Det var Brigt Bjerga som skreiv tekstane og musikken.




Musikkmagasinte Nye Takter inviterte sommaren 1980 lesarane sine til å skriva inn og stemma på dei 5 mest spelte LP’ane og singlane sine. Dette resulterte i Noregs første alternative singelliste i Nye Takter Nr. 9 – september 1980.

Rune Haaland, manageren, fortel litt om dette: «Du veit at listetriksing er eit viktig verktøy i musikkindustrien. Eg fekk venner å kjente til å skriva inn og stemma på Anakonda. Eg hugsar óg at eg køyrde frå Oslo til Stavanger den hausten. På vegen postla eg brev med stemmer på alle postkontora som eg køyrde forbi .» (Geir Egil Bergjord, lokalmotives.com, 2002)

*****

Utdrag frå artikkel om arrangementet som gjekk av stabelen i Atlantic Hall i Stavanger. På andreplass kom jentegruppa «Anna Malena» og på tredje plass «Jærrock». Anakonda hadde øvingslokale på Klepp

Anakonda – representert ved Jogrim Erland – spelar på Planen på Bryne på eir arrangement i regi av Bryne fritidsklubb i mai 1981. Same kveld spelte «Oslo Beurs», Oslogruppe som vart kalla veteranar i norsk punkrørsle. (bilete: Roglands Avis)

Jogrim fortel korleis han vart med i bandet:
«Eg arbeidde på Shell stasjonen på Bryne då eg gjekk i åttande klasse. Ein kveld kom Rune Haaland innom for å legga om til sommardekk på ein grå Ford Cortina. Han var nokre år eldre enn meg, men eg kjende han frå Bryne frimerkeklubb. Rune prata i veg og spurde om eg spela noko instrument. Eg svara at eg nett hadde byrja å spela el-gitar. Rune fortalde at han var manager for eit punk band, at dei skulle spela inn plate, reisa på turné og spurde vidare om eg ville vera med i bandet. Eg svara ja og vart svært oppglødd, sjølv om eg på det tidspunktet ikkje eingong hadde høyrt noko punk rock. » (Geir Egil Bergjord, lokalmotives.com, 2002)

Besetning siste tida: Her er Knut Bjerga, bror til Brigt, kome med på bass.F.v. Knut, Bjarne (skjult), Jogrim og Brigt. Konsert på Bryne Kino 5. desember 1981. (foto: Frode Haaland)















Slik vart omtalen i Jærbladet av Anakonda sin nest siste konsert. 650 unge var samla i Bryne Kino 5. desember 1881. Det var Bryne fritidsklubb som arrangerte stor rocke-mønstring med 10 lokale band, og Anakonda var eit av dei.


******

Så tok det slutt i desember 1981.

Jogrim Erland fortel at deltakelsen i landsfinalen i NM i rock i Trondheim vart den siste konserten dei spela.

» Me hadde vunne Rogalands finalen i NM i rock våren 1981. Me hadde håpa på ei god plassering der, men vart likevel svært overaska då me vann. Alt skar seg imidlertid under landsfinalen i Trondheim hausten etter. Eit metal band frå Trondheim var tydeleg favorittar og me fekk ingen soundcheck før me gjekk å scenen. Eg spela for første gong på ein dobbel Marshall forsterkar (Red anm.: Marshall var til langt ut på åttitalet forbeholdt Heavy Metal klanen). Keyboardet var heilt utan lyd og eg høyrde ikkje stort til dei andre heller, berre denne Marshallen som eg ikkje fekk styr på. Det høyrdest neppe særleg bra ut for publikum ute i salen. I konkuransen så skulle berre dei tre beste rangerast, men juryen tok seg i tillegg bryet med å tildela oss ein sisteplass. Me hadde krangla ein del på veg opp til Trondheim. Me krangla enda meir på veg heim, og spela aldri saman att.» (Geir Egil Bergjord, lokalmotives.com, 2002) .

(publ. jan 2020)

(takk til Jogrim Erland for hjelp)