Jærrock

BONUSSPOR (bootleg) etter utgivelsen Perspektiv i 2022.

JÆRROCK – Eg ser utøve havet


(T.Mahal/J-M Bruheim/A.Steinnes)
(Hans Christian «Besten» Hansen: Perkusjon, Anita Bekkeheien og Gunnar Tønnesen: Kor)


***************

Jærrock februar 2019

Jærrock vart til på midten av 1970-talet.  Det var brødrene Kjell og Trond Gudmestad frå Skjærpe på Nærbø, Asgaut Steinnes frå Nærbø, brødrene Torstein og Jarle Obrestad frå Obrestad og Kjell Madland frå Kleppe som fekk det til å svinge, og kalla seg Jærrock.  Og sjølvsagt var Jærrock frå begynnelsen av eit «coverband», lærte seg kjente sangar av kjente grupper, og framførte dei på dansearrangement og konsertar.  Aller mest tid gjekk det nok med til å lære seg sangar og øve dei inn.

I denne «pionertida», på 1960 og 70-talet,  var det ikkje like enkelt som i dag å få tak i noter og tekstar til dei kjente sangane som skulle lærast.   Så då var det å sitje med platespelar,  spele ei verselinje, løfte grammofon-armen og skrive ned teksten eller akkorden, så setje ned stifta på vinylplata igjen og treffe på nokolunde rette plass, og få med neste verselinje.  Om igjen og om igjen. Litt seinare kom kassettspelarane, og då var det å trykkje «play» og «stop» utallege gonger for å få med seg teksten og lære melodien og gitar-riff.

Det var ikkje musikkskular/kulturskular i denne tidligaste tida, heller ikkje kommunale øvingslokal, så innlæring og øving måtte ein organisere sjølv.  Medlemmane i Jærrock var sjølvlærte, og lærte mykje av kvarandre i gruppa og på øvingane.  Dei samlast til øving kvar veke, av og til fleire gonger i veka.  Øvingslokale hadde dei først på garden på Skjærpe heime hos Kjell og Trond.  Seinare øvde gruppa bl.a. i kjellaren heime hos bassisten Kjell Madland i Kleppekrossen, og i eit eldre hus som han disponerte på Kleppe.

Bilde fra Jærrock sin «Stones-periode». Magne Drangeid er fotograf og blei inspirert av et platecover fra Rolling Stones.

Frå starten av var Jærrock sitt repertoar henta frå kjente og mindre kjente grupper og artistar som Chicago, Blood, Sweat & Tears, The Rolling Stones, Otis Reading, Doobie Brothers, Allman Brothers, Sam and Dave, Temptations og mange fleire.   I første halvdel av 1980-tallet hadde Jærrock og eit heilt program med Rolling Stones – sangar som bl.a. blei framført på diskoteket «Texas» i kjellaren på Jæren Hotell.

 

Etter kvart begynte Torstein og Asgaut å samarbeide om å lage melodiar og tekstar sjølv, og desse vart øvd inn og framført på dialekt.  Nokre av tekstane vart og laga etter inspirasjon av, eller omsetjing  av engelske rocketekstar med kjent melodi.  Torstein laga og melodiar til tekstar av bl.a. Helge Torvund, Tor Obrestad og Tobias Skretting som Jærrock framførte. Dette med å bruke dialekten i framføringa skjedde nok etter inspirasjon frå grupper som bl.a. Stavangeransamblet og Åge Aleksandersen og Sambandet, som hadde vist at det gjekk  ann å syngje rockesangar på dialekt.

Etter kvart tok desse sangane med jærsk tekst større og større plass på repertoaret til Jærrock, og sangane vart godt mottekne av publikum.  Dermed oppstod det eit ønskje om gå i studio og få gitt dei ut på plate.   Og studiobesøk vart det midt på 1980-talet.  Hos NRK Lokalen i Stavanger vart det spela inn 3-4 sangar (bl.a. Sykkeltur) som vart spela på radioen i samband med intervju av gruppa.  Det vart og gjort opptak av nokre sangar hos Ola Selvær i Staccato Studio i Stavanger, men det førte ikkje til plateutgjeving.  Det skulle gå ennå over 10 år før det skjedde.

Kjell hadde etter kvart skaffa  seg miksepult og opptaksutstyr i kjellaren heime på Skjærpe, slik at det var muleg å gjere innspeling, og her vart kompet til nokre sangar teke opp.  Seinare vart noko av dette brukt som fundament når Jærrock gjekk i studio hos Gunnar Tønnesen på Storhaug i Klepp.  Og det var her i Klepp Lydstudio at plata SPOR blei gjort ferdig.

Jærrock har eksistert i mange år og det kan vel seiast at besetninga har vore stabil samanlikna med mange andre band opp gjennom tidene.  Det har vore få utskiftingar i gruppa.  Kjell, Trond og Asgaut starta spelesamarbeidet allereie i 1965, og i 2016 er 4 av 5 Jærrock-medlemmar dei same som ved oppstart i 1975.  I ein periode var Bjarte Edland trommeslager, og i 2016 er det Leiv Arve (Leffi) Lagestrand som slår trommer.

********************