Dei Tri

Band frå Nærbø som består av (2019):
Grete Våland, tangenter og sang
Martin Våland, gitarer og sang
Kjell Gudmestad, gitar, seteel-gitar, bass.

Spelar variert musikk til dans, underhaldning og kulturinnslag.
Dei Tri er og mykje brukt som oppvarming/supportband, bl.a. for Vestlandsfanden, Kim Larsen, Vamp, Ole Ivars, Bjørn Eidsvåg, Torhild Sivertsen,  DDE og mange fleire.



Starta som ein duo i 1996 av Martin Våland og Jarle Obrestad. Før dei fekk bestemt seg for navn kalla deg seg bare «dei to», og slik vart navnet til. I 2006 kom Grete Våland med i bandet og då måtte dei ha nytt navn: Dei Tri.

Dei To. Martin og Jarle
Frå 2006 var navnet Dei Tri. Jarle, Grete og Martin.

Opp gjennom åra fekk Dei Tri av og til behov for å utvide besetninga til enkelte arrangement, og var gjerne både fire og fem musikere på scenen. Ein av dei som ofte vart med då var Kjell Gudmestad. Dei siste åra har han hatt fast plass i Dei Tri, då Jarle har valgt å prioritert eigen karriere.