Hot Liars

Starta i 1956 som skuleorkester, av musikkinteresserte elevar ved Rogaland off. landsgymnas på Bryne (Bryne Gymnas frå 1965).

Seks-manns orkester som først og fremst spela på elevtilstelningar og andre arrangement på skulen. Det blei eit godt orkester som etterkvar og fekk speleoppdrag utanfor skulen og på offentlege dansetilstelningar.

Det blei ein del utskiftning i besetning etterkvart som medlemmar vart ferdig på skulen, og måtte erstattas av andre.

Det fins ikkje noko orkesterbilete av Hot Liars frå den tida dei var aktive. I 1993 hadde dei ei gjenforeninga av 10-11 musikantar som hadde vore med i bandet på 50/60-talet, og da vart det teke bilete.

Gjenforening1993: f.v. Berge Espeland, Bjarne Fowels-Landmark, Herman Tengs-Pedersen, Per Aanestad, Jan Erling Fossdal, Sigurd Gjerde, Bernt Bjørnsen, Henrik Stensland, Tore T. Wiig og Magne Stangeland. (foto: Jærbladet)

Hot Liars-besetninga som spelte til offentleg dans, og dermed vart godt kjente utanfor skulemiljøet (ca 1959-1962) var: Bernt Bjørnsen (piano/elektronisk orgel), Tore T. Wiig (tenorsaksofon), Henrik Stensland (trompet), Magne Stangeland (trommer) og Martin Bekkeheien (gitar). I en periode var Sigurd Gjerde med på trommer.

Billy Vaughn og Eddie Calvert var viktige musikalske førebilete for Hot Liars – melodiøs populærmusikk, for det meste instrumentalt framført. Dei hadde og vokal-låtar med på repertoaret og nokon hugsar at Calle Fjogstad med som vokalist av og til.

1957: Dette er den tidligaste annonsen vi kan finna for at Hot Liars spelar på offentleg dans.

Lørdag og søndag

(Dalane Tidende juli 1960)

På same tid som Hot Liars var mest aktive, starta det opp eit anna orkester på Bryne. Det var The Beatnicks med bl.a. Oddbjørn Jonsbråten og Per Stangeland som gode gitaristar. Dei to Bryne-banda vart på ein måte konkurrentar både om spelescenar, publikum og om å ha den rette musikk-stil og image. The Beatnicks – som spelte Shadows og rockelåtar, stillte i dongeri på scenen og oppfatta seg som eit opprørsband – meinte Hot Liars var eit snobbeband som kledde seg finare, oppførte seg finare og spelte «finare» musikk.

(publ. jan 2020)

(kilde: Jærbladet. Fuglestad, Det swinger på Sandnes, 2003. Skien/Torkelsen/Wold, Det gjekk på engelsk og norsk, 2001.)