Texas på Bryne

Uteplass med levande musikk
i kjellaren på Jæren Hotell
1992 – 1997.

Texas vart offisielt opna fredag 20. mars 1992. Stavangergruppa Charlies`Angles fekk æra av å spela denne første kvelden.

Jærbladet kan fortelje at tilbodet er eit samarbeid mellom Erling Dagsland, Tor Rein Aarre og Jæren Hotell. Det var Erling som fronta tilbodet og som nok stod for det meste av forarbeidet med bandbooking og organisering. Tor Rein, eller «Mulen» som han var kalla, måtte nok bistå som garantist i nokre økonomisaker, og hotellet stillte med lokalar og hadde inntektene frå ølsalget. I tillegg kan Torfinn Edland fortelje at Rosseland Ballklubb tok på seg ansvaret for vakthaldet ved konsertane på Texas, mot litt betaling til klubbkassen.



Lokala i kjelleretasjen på Jæren Hotell hadde tidlegare vore i bruk til ungdomsdiscotek sidan hotellet var nytt i 1977. Men nå skulle det vera levande musikk. Rootsmusikk frå begge sider av Atlanteren.



Vi har her samla samla nokre glimt frå aktiviteten på Texas i form av avisklipp og utdrag frå Erling Dagsland si gjesteboka for artistane. (Takk til Helge Bluesen Barane).



Erling Dagsland hadde gjestebok for artistane som spela på Texas. Og det var mange som signerte og gjerne skreiv ei lita helsing. Fleire laga jamvel illustrasjonar til.






Jærbladet 27. mai 1992












Det var stor aktivitet på Texas. Særlig i -92 og -93 var det mange konserter. Etterkvart avtar aktiviteten og Erling og «Mulen» trekkjer seg ut. Kva tid dette skjer og korleis er uklart.

Truleg er det hotellet sjølv som står for arrangementa på Texas vidare. Og i oktober 1995 prøver dei å dra igang ein ny giv for plassen, nå med Keith Hensman som sjef.

Halvtanna år seinare – i mars 1997 – er Texas slutt.










(publ. feb 2021)