Pop-Tune

I april 1967 vart det starta popklubb på Bryne. Det var ungdomsskuleelevane
Åge Fjermestad, Arve Edland og Kurt Kristensen som tok initiativet til dette.

Planen var å ha klubbmøte kvar veke der det vart spela og diskutert musikk, og klubben skulle arrangere store konsertar med kjente orkesternavn.

Bryne Vel som var eigar av Bryne kino (nybygd i 1964), såg positivt på dette initiativet frå ungdommen, og ga Pop-Tune lov til å ha både klubbmøter og konsertar i Bryne kino.



Avisene lokalt via ikkje oppstarten av popklubben noko merksemd. Derimot hadde det lansdekkande magasinet Pop-revyen, og Dagbladet kvar sin liten notis om det.

På konserten den 20. april med det svenske orkesteret The Diamonds på toppen av plakaten, så hadde Jærbladet ein representant i salen på Bryne kino. Den 5. mai vart omtalen publisert under signaturen «West».

11. mai var det klar for The Pussycats i Bryne kino. Åge Fjermestad hugsar at han opplevde det som ei utfordring å ha med dei å gjere, dei levde litt opp til ryktet sitt. Bl.a. var det ein episode rett før showet då orkesteret skulle kle seg om, og det skjedde i garderoben uten gardin for vinduene. Det var då redsel for at rutene skulle knusast av alle jentene som pressa seg mot for å få glimt av lettkledde/nakne popstjerner.

(bilete er ikkje frå Bryne)

Åge Fjermestad fortel at klubben vart innkalla til samtale med politiet. Dei opplevde desse konsertane til Pop-Tune som krevande fordi det samlast så mykje folk i Bryne sentrum. Og det kom mange tilreisande ungdommar frå Stavanger og Sandnes og frå sør for Bryne, og desse vart ofte gåande å driva gatelangs etter arrangementa.

Pop-Tune fikk tak i dei store orkestra gjennom Barry Matheson Music Production. Det vart litt problem i dette forholdet etter konserten i august med The Vanguards. Det var sett opp to konsertar den 24. august, men det vart svært dårleg billettsalg. Terje Rypdal i The Vanguards vedgjekk at det nok var litt deira feil som ikkje trekte nok publikum, og han gjekk med på å ikkje kreve den betalinga som var avtala. Men seinare då betalinga frå Bryne ikkje kom, laga Barry Matheson oppstyr og sa klart ifrå at det ikkje var Terje Rypdal som bestemte.

I oktober 2000 fortel Kjell Olav Stangeland, som då er redaksjonssjef i Jærbladet, om sin oppleving av konsert på Pop-Tune på Bryne kino 33 år tidlegare.

(Utdrag frå «I dag» Jærbladet 2. oktober 2000)

Popklubben Pop-Tune på Bryne hadde ikkje noko lang levetid, men dei slo på stortromma så lenge det varte. Dei arrangerte fire store konsertar før det vart slutt. Slik Åge Fjermestad hugsar det, så la dei inn årene etter press frå rektor ved ungdomsskulen og politiet. Det vart rett og slett for mykje oppstyr og baluba for dei vaksne med desse store konsertane på Bryne.



(publ. mai 2022)