The Beatnicks

Shadows- og rockeband fra Bryne. 1959 – 1961

Besetning:
Oddbjørn Jonsbråten, gitar
Magnar Jonsbråten, saksofon/fløyte
Per Stangeland, gitar
John Petter Erga, trekkspill
Magne Stangeland, trommer
Harry Jess var vokalist den første tida.

Nokre utskiftningar var det i den forholdsvise korte tida bandet eksisterte. Desse har vore med: Torgeir Skeie (trekkspel) og Helge Torsen (trommer)

Speling på Gymnaset på Bryne – i lokala der elevsamfunnet Veritas hadde festane sine.
F.v. Per Stangeland, Magnar Jonsbråten, John Petter Erga og Oddbjørn Jonsbråten. Uvisst kven som sit bak trommene.
Beatnicks hadde sin debut-konsert nyttårsaftan 1959.


******

Beatnicks var tidlege med å øva inn Shadows-låtar til repertoaret sitt. Oddbjørn Jonsbråten og Per Stangeland var dyktige på gitarane og det var viktig for dei hadde ingen bassist med. Dei var og ekstpertar på raske rockemelodiar og det vart lagt merke til at dei brukte fløyte (Magnar Jonsbråten) til fleire av sangane.

.

Per Stangeland. Var nok en del av imaget å ha sneip i munnvika på scenen.



Det var nok Oddbjørn Jonsbråten som var hovedgitarist i Beatnicks. Men Per Stangeland var og ivrig og god på gitaren.

Jens Erland fortel at var «hangaround» og ofte var og høyrde på når bandet øvde i kjellaren heim hos foreldrene til Per og Magne Stangeland. Spesielt hugsar han at Per ein gong øvde lenge og grundig på en låt der han skulle spela heile melodien ved bare akordar. Sangen vart bra, men Per vart svært skuffa då ingen såg ut til å bry seg eller høyre etter då den vart framført på ei dansetilstelning på Bryne.






***


***

The Beatnicks såg på seg sjølv som eit litt opprørsk band som ønskte å utfordra konvensjonar og vaksensamfunnet. Dette ga seg bl.a. utslag i musikkvalg, og at dei stillte på scenen iført dongri i ei tid der det var forventa at danseorkester skulle ha skjorte og slips.

Då dei starta opp fanst det alt eit kjent danseorkester på Bryne: Hot Liars. Dei to Bryne-banda kom i eit slags rivaliseringsforhold til kvarandre, sannsynlegvis i all vennskapelighet. Dei vart konkurrentar både om spelescenar, publikum og om å ha den rette musikk-stil og image. The Beatnicks – som spelte Shadows og rockelåtar, stillte i dongeri på scenen og oppfatta seg som eit opprørsband – meinte Hot Liars var eit snobbeband som kledde seg finare, oppførte seg finare og spelte «finare» musikk.

(publ. jan 2020)
(andre kilder: Fuglestad, Det swinger på Sandnes, 2003)