Svenssen er (hausten 2019):
Ådne Eikeland – gitar, vokal
Otto Hustoft – trommer, vokal
Omund Norheim – bass
Ingve Lende – gitar, vokal
Ove Stokkeland Olsen – tamburin, perkusjon
I originalbesetninga var det Anders Norheim som var tamburinisten, og han var bandmedlem i mange år.
Historien (frå bandet si heimeside)
Ballada om Svenssen starta på eit guterom på en gard utanfor Bryne i 1991 da tiåringane Ådne Eikeland og Otto Hustoft byrja å covra Beatleslåtar. I 1995 vart dei eit skikkeleg band då Omund Norheim vart med på bass, Otto flytta seg til trommekrakken og Ådne stod i front som vokalist og gitarist.
I 2001 vart Ingve Lende med på gitar og live-uttrykket vart komplett med den energiske tamburinisten Anders Norheim. I mangel av konserttilbod startet dei opp Ranglerockfestivalen, og i takt med den vaks Svenssen fram som eit solid liveband med stadig større ambisjonar.
Meir historie.
Svenssen si historie og utvikling er nokså samanvevd med musikkfestivalen Ranglerock. Det begynte i det små med ein sommarfest på Hognestad forsamlingshus sommaren 2002.
På denne tida hadde bandet med ein kar på gitar som hadde kallenavnet Svenssen. Han var trailersjåfør, og bandet spela derfor på Hognest Rock Festival under navnet Svenssen Supertruckers and his Jolly fellows. Trailersjåføren slutta seinare i bandet og navnet blei etter kvart forkorta til Svenssen.
Sommaren 2003 arrangerte medlemmane i Svenssen ilag med andre eldsjeler ny festival. Denne gongen blei Hoggstock arrangert på Time out Funpub på Bryne. Og bandet står på plakaten som Svenssen Supertruckers.
I 2006 fekk festivalen navnet Ranglerock, og Svenssen-karane fortsette med å spela på, og å vere delaktige i å drifta denne etterkvart navngjetne festivalen, like fram til 2017.
På festivalen sommaren 2005 stod ikkje Svenssen sitt navn på plakaten. Men bandet spelte likevel, dei hadde nemleg skifta navn til Mad Foxes. (Muleg det har vorte feil på plakaten til Silver Foxes)
Navnebyte var nok ikkje særleg godt planlagt, for etter ei kort stund angra dei seg og tok tilbake Svenssen-navnet.
***
2008 Debutalbum: Svenssen
Spela inn hos Gunnar Tønnesen i Klepp Lydstudio.
2011 – Andre album: Svensation
Spela inn hos Eirik Bekkeheien i Stefanuskirken på Nærland. Trostein Obrestad har levert bidrag på tangenter og Erlend Aasland har bidratt med blåseinstrument og gitar.
22. desember 2019 – tredje plate.
I siste liten før jul kom altså vinylplata til Svenssen fra trykkeriet i Egersund. Maxi-single med 3 egenkomponerte låter. Birger Bekkeheien er produsent og har gjort opptakene.